Eg vil retta ein stor takk til ein engelsk student for at eg landa på yogamatta for ca 10 år sidan. Han køyrde meg ned i skibakken på Voss. I etterkant fekk eg kjenna på korleis da stod til med min kjernemusklatur. Den var veldig svak. Yoga blei min nye treningsform. Det har vore eit fantastisk verktøy til å bli betre kjent med kroppen og ikkje minst meg sjølv.
Etter å ha jobba 30 år i IT-bransjen, sa eg opp jobben min i samband med nedbemanning. Eg har kjent på mykje stress i ein lang periode. Kroppen har ikkje hatt godt av det. For meg har yoga vore viktig for å skape balanse i stressregnskapet. Det kjentes godt å hoppa ut av hamsterhjulet og bli meir bevisst på kva som er rett for meg og kvifor eg gjer det eg gjer. Dei siste åra har eg sett viktigheten av å jobbe med stresset som sit i bindevevet. Ved å løyse opp i bindevevet, frigjer du spenninger og skapar større bevegelighet. Dette er magi.
For meg er yoga evnen til å akseptere kroppen til ei kvar tid.
Mitt ynskje er at fleire får kjenne på verdien av yoga. Eg ynskjer å vere med å bidra til at fleire landar på yogamatta. I dagens samfunn opplever eg det som meir og meir viktig å ta seg tid til å koble av, for så å koble seg på.
Gler meg til å møta deg i yogarommet.
Eg har gjennomført følgjande kurs/yogautdanninger:
- Ateeka – Somatic bodywork
- Helhetlig yoga – Jorunn Djønne/Hilde Taule – Yin/Klassisk yoga
- Devayogaliving – Katrine Berge – Frisk rygg/nakke
- Unique mind ESP – Bevissthetstrening
- Relasjonsledelse A/S – Relasjonsledelse
- Relasjonsledelse A/S – Relasjonskompetanse
- HeleDU – Prestasjonshjelp/coaching
- NOEN A/S – KUPA sertifisering
- Roede A/S – Sertifisert livstilsmentor